Syril Telemark
Syril telemark er ein av dei største og mest aktive telemarksklubbane i landet. Det starta i 1981, og so ha ra berre badla poa seg.

I 1981 reiste ein systrending til USA. Han kom att med telemarksvingen.

Systrendingane heima likte svingen godt, og det vaks fram eit sterkt telemarkmiljø på Leikanger utover 1980-talet.

Det fyrste rennet i klubben sin regi vart arrangert på Sognefjellet i påsken i 1985, med kvistar frå påskeløypa som staur.

Det fyrste rennet i Sogn vart arrangert i 1987, i Hodlekve i Sogndal, av Syril telemark.

Syril telemark arrangerte NC i telemark i både 1990 og 1992. Begge renna i Hodlekve.

Syril telemark søkte Sogn og Fjordane skikrins om å få vera med der, til liks med andre greiner på 1980-talet.

Syril telemark tok initiativ til kretslag i telemark kring 1990.

Syril telemark tok initiativ til Åsnes-cup, som fylkesdekkande cup kring 1990

Syril telemark tok initiativ til Tinderittet i 1991, og arrangerte saman med Turtagrø og IL Fanaråk det fyrste Tinderittet i 1992.

Syril telemark tok initiativ til Kjeringi Open i 1992, og har utvikla og drive Kjeringi Open etterpå.

Tinderittet og Kjeringi Open overtok som renn i Sogn, og bakketelemark var lagt på hylla i Sogn.

Syril telemark starta eit nytt renn i 2005, i Systsrondsfjelli. Det vart Sognefjordrennet, etter den flotte utsikten.

I 2008 arrangert Syril telemark NC fjelltelemark i samband med Sognefjordrennet.

I 2010 arrangert Syril NM fjelltelemark. Sjå eiga nettside.

I 2011 arrangert Syril telemark Sognefjordrennet i gamal kjent stil. Dette året med nyhogd krossløype. Sjå nettside

Klubben er stor og aktiv, og i 2010 - 2012 har bakketelemark på nytt vorte ein aktivitet. Klubben sine yngre deltakarar trenar hardt, og deltek på nasjonale renn.

I 2012 er ressursar fra Syril telemark ansvarlege for regionprosjektet i Sogn, undet skkretsen og NSF.
OM SYRIL TELEMARK
Bookmark and Share
Syril telemark inviterte på tur til Nordre Dyrhaugstind (2100 moh). Det vart ein fine tur med mykje gode køyring. Det var mange på ryggen denne dagen. Frå Turtagrø og fram  til Meinsete, foten av ryggen, var det fritt for snø. Tinderittet, som skulle vore denne dagen, vart avlyst på grunn av snømangelen.
Her kan du sjå ein video frå Sognefjord-rennet i 2009.
FILMAR MED SYRIL TELEMARK
Systrondsgjengen hadde også mykje moro før dei drog i gong telemarksbylja i Norge. Her ein bildeserie frå Josten på langs 17. mai 1980.
Sognefjordrennet Fjell Cross 2009
Her kan du sjå ein video frå Sognefjord-rennet i 2008. Kort løype
Frå Syril sitt 100-årsjubileum i 2006. Odd Eggum og Trygve Rishovd vert intervjua av Roar og Trude.
HEIM 2005 2006 2007 2008 2009 NM 2010 2011 2012 2013 2014 2015