1030: Transport av alpinutstyr, snøbrett og anna til målområdet og start FjellCross. Innlevering av utstyr på Kleppa frå 0900 - 1030. Utstyr må merkast med namn. Etter start FjellCross, vert transportkassen parkert i målområdet ved Aoreveitane. Retur til Kleppa med utstyr etter premieutdeling for fjellrennet. Pris for transport kr 50 per person.
1100: Rennkontoret opnar på Aoreveitane. Påmelding og utdeling av startnummer.
1300: Start Fjellcross. Fjell Cross er for dei minste, og heile familein. Tidtaking. Premieutdeling etter rennet. Les meir om Fjell Cross.
1330: Start Fjellrennet. Berre for fjelltelemark i år. Rennet går i laussnø frå start, og i preppa løype inn mot mål. Fjellrennet er for deltakarar over 11 år. Intervallstart, med eitt minutt mellom kvar. Fjellrennet er fyrste rennet i regioncupen i Sogn 2015 for fjelltelemark. Premieutdeling i målområdet etter rennet.Les meir om Fjellrennet.
Sognefjordrennet vart fyrse gong arrangert av Syril Telemark i 2005. Rennet vart starta som eit lokalrenn.
Sognefjordrennet har to renn:
Fjell Cross er preppa og godt merkt løype for dei minste og heile familien. Det er høve til å køyra einskildvis eller i grupper med fellesstart. Alle skitypar sjølvsagt. Start i skoggrensa under Fagereggji, på kring 800 - 900 moh. Mål ved Aoreveitane.
Fjellrennet er for ungdom og voksne. Klassar berre for fjelltelemark i 2015. Start på Fagereggji, 1000 moh. Mål ved Aoreveitane, 600 moh.
Sognefjordrennet sin arena mellom Kjeringafjellet og Stokksete vert kalla Leikanger Fjellarena. Normalt er dette eit urørd område, utan straum, veg eller andre fasilitetar. Men, under rennet skifter området "drakt". Rett etter er alt vekke. Dette er berekraftig bruk av fjellheimen.