Det er vanleg at dei som deltek på renn betalar ein liten sum for å dekka utgifter arrangøren har i samband med arrangementet.

Det kan vera utgifter til transport, premiar, røde kors, marknadsføring, portar og flagg, sambandsutstyr etc..

For å delta på NM-renna og Sognefjordrennet er det sett opp fylgjande satsar, inkludert forsikring for løparen (eingongslisens kr 60) og T-skjorte.

Dette må alle ha som er over 12 år. Ein kan få kjøpa slik lisens ved påmelding, og oppmøte på rennkontoret. Dei som har slik forsikring / lisens, slepp å betala denne.

Dei som melder seg på kan betala til Idrettslaget Syril,
konto 3705.17.16931, eller ved oppmøte på rennkontoret.

Merk innbetalinga "med det rennet du skal delta i". Sjølve påmeldinga gjer de frå menyen i venstre kolonne eller linkane over.
11 år og yngre
kr   50 (alle automatisk forsikra)
12 - 15 år
kr 160 (inkludert forsikring)
16 - 20 år (junior)
kr 210 (inkludert forsikring)
21 år og eldre (senior ++)
kr 260 (inkludert forsikring)
STARTPENGAR OG FORSIKRING
VELG KLASSE OG GÅ TIL SKJEMA

Påmelding