Fjellsportfestivalen sitt kinesiske utfor i 2010 såg slik ut. Farleg sa Fred Syversen og fleire andre. Og det er heilt sikkert rett. Du risikerar livet i kinesisk utfor i Sogndal. Og det veit alle som stiller på startstreken. I Sogn har me lange tradisjonar med ekstremsport, og me veit at uansett korleis løypa ser ut ut , og kor mange som stiller på startstreken, så er det berre ein ting som avgjer kor farleg det er, og det er "du sjølv". Derfor har me i løpet av 20 år med farlege fjellrenn aldri hatt store skadar. Og det er takka vera at den einskilde veit kva han driv med. Men det har ofte vore på håret, og ofte har slumpelukka vore ein reddande engel. Slik som i Sogndal i går. Slik har det alltid vore, og slik vil det bli. Om nokre år vil me sjå attende på Kinesisk utfor i Sogndal som noko ufarlege greier.