Syril telemark og Luster telemark hadde fellestrening på Sogn Skisenter 6. februar 2010. Her er bilde frå den vellukka samlinga.
Å stå opp klokka 0600 gjer ingen ting, når ein kan trena 2-3 timar på Sogn Skisenter aleine, før dei vanlege trimmarane kjem. Dei mange gutane og jentene frå Leikanger og Luster telemark viste mykje god køyring i bakken. Fellessamlinga gjer at alle blir kjende med nye telemarkarar. Spesielt moro for gamlingane er det å sjå at rekrutteringa er god. Alle ser fram til NM-helgi.