Dette rennet er fyrst og fremst retta inn mot dei yngste, men er også populært hjå dei vaksne. Preparert løype frå start til mål. Men, løypa har svingar og kular i massevis, og ei fin utfordring for alle. Alle køyrer på tid. TIDTAKING ALSO!
Det er ingen spesielle reglar i Fjell-crossen. Men, alle løparane vert oppfordra til å stille med hjelm, ha ryggsekk, ha fangreimar, og elles halde seg til løypa.
Her kan du sjå ein video frå Fjell Cross rennet på Sognefjordrennet i 2009.
START
MÅL FJELL CROSS
To ivrige karar på veg opp siste kneika før mål i 2010. Normalt er det ikkje mange motbakkar i Fjell Cross, men her var det visst ein.
LANGT TIL START FOR DEI MINSTE.
Det kan for dei minste vera litt langt til start. Start derfor i god tid, og nytt dykk av transport av ski og utstyr om dette tilbodet vert sett opp. Det er viktig at alle barn og unge går oppover med lett utstyr.
Meir info om dette før rennet. Følg med på nettsida.