Til Sogn for å vinna kongepokalen

Birthe Johanne Finstad 22. februar 2010

Verdens beste telemarkkøyrar, Eirik Rykhus, er klar på kva som er målet når han kjem til NM.

At fjelltelemark for menn for første gong kan lokka med kongepokalen, er ein ekstra motivasjon for 28-åringen frå Vinstra. Han har vunne 11 VM-gull, og på merittlista står også 16 NM-titlar, dei to siste tok han under første del av NM på Hafjell no i februar. I mars kjem

telemarkkongen Eirik Rykhus til Sogn for å kjempa om to nye når det vert arrangert NM i fjelltelemark og storslalåm i Leikanger og på Hafslo 6. og 7. mars.

Ekstra motivasjon

Han er ikkje i tvil om kva som er hovudmålet.

- Det er spennande med kongepokal, særleg sidan det aldri tidlegare har vore delt ut i fjelltelemark for herrar. Det er ikkje kvart år ein får konkurrera om det, og det er ein ekstra motivasjon og er stort å få. Det gjer at ein gjer sitt aller beste. Fjelltelemark og kongepokal blir målet mitt for NM, slår Rykhus fast.

I løpet av karrieren har han kjempa om den gjeve pokalen 4-5 gonger, men det var ikkje før i fjor han for første gong reiste heim med den majestetiske pokalen, då for NM-sigeren i storslalåm.

Spent

Rykhus har ein plan om å delta i begge disiplinane under NM og får såleis prøvd ut skiforholda i både Leikanger og på Hafslo. Han har lite kjennskap til området.

- Det blir spennande, eg har aldri køyrt på ski der, det næraste eg kjem er nok Turtagrø og Tinderittet, så eg kjenner lite til både bakkar og arrangør. Men eg håpar og trur det blir bra, seier han, og legg til at han håpar på godt gjennomførte arrangement med rettferdige resultat - og gjerne fint vêr.

Rett frå USA

Fram mot NM har telemarkkongen og serviceingeniøren eit travelt skiprogram, og han kjem rett frå verdscuprenn i USA til Sogn.

- Eg skal køyra sju renn på åtte dagar i USA, på to ulike stadar. Det siste går den 28. februar, så når ein i tillegg må rekna litt reisedagar, blir det slik at eg kjem nesten rett frå USA til Sogn. Eigentleg skal eg jobba fredagen før òg, men det må eg få ordna på eit vis, seier han.

I USA skal han køyra storslalåm, sprint og klassisk, og Rykhus slår dermed fast at det blir lite tid til trening på fjelltelemarken. Men når ein er verdas beste telemarkkøyrar og nærmar seg 40 verdscupsigrar, så tek ein vel ein del på rutinen.
Eirik Rykhus til Sogn for å vinna kongepokalen
Telemarkkøyrar Eirik Rykhus har 16 NM-gull frå før og har eit mål om to til når han kjem til Sogn for å delta på NM i fjelltelemark og storslalåm i mars. (Foto: Jem Carey-Hughes, BATSA)