Syril Telemark takkar for all deltaking i 2014
0800: Rennkontoret opnar på Kleppa

1000: Avgang frå Kleppa til Leikanger Fjellarena. Quiz med forfriskningar på vegen.

1030: Transport av alpinutstyr, snøbrett og anna til målområdet og start FjellCross. Innlevering av utstyr på Kleppa frå 0830 - 0915. Utstyr må merkast med namn. Etter start FjellCross, vert transportkassen parkert i målområdet ved Aoreveitane. Retur til Kleppa med utstyr etter premieutdeling. Pris for transport kr 50 per person.

1300: Start Fjellcross. Start ved blått punkt på bildet. Fjell Cross er for dei minste, og heile familein. Tidtaking. Premieutdeling etter rennet. Les meir om Fjell Cross.

1400: Start Fjellrennet. Rennet går i laussnø frå start, og i preppa løype inn mot mål. Fjellrennet er for deltakarar over 11 år. Intervallstart, med eitt minutt mellom kvar. Fjellrennet inngår i regioncupen. Premieutdeling etter rennet.Les meir om Fjellrennet.
Bookmark and Share
Sognefjordrennet 12. april 2014
Program laurdag 12. april Om Sognefjordrennet
Sognefjordrennet vart fyrse gong arrangert av Syril Telemark i 2005. Rennet vart starta som eit lokalrenn.

Sognefjordrennet har to renn:

Fjell Cross er preppa og godt merkt løype for dei minste og heile familien. Det er høve til å køyra einskildvis eller i grupper med fellesstart. Alle skitypar sjølvsagt. Start i skoggrensa under Fagereggji, på kring 800 - 900 moh. Mål ved Aoreveitane.

Fjellrennet er for ungdom og voksne. Klassar for telemark, snøbrett og alpint. Start på Fagereggji, 1000 moh. Mål ved Aoreveitane, 600 moh.

Sognefjordrennet sin arena mellom Kjeringafjellet og Stokksete vert kalla Leikanger Fjellarena. Normalt er dette eit urørd område, utan straum, veg eller andre fasilitetar. Men, under rennet skifter området "drakt". Rett etter er alt vekke. Dette er berekraftig bruk av fjellheimen.
Regioncupen 2014
HEIM NM 2010 2011 2012 2013
Sogn Røyr
 
Sognefjordrennet inngår i regioncupen, saman med Heggmyrane Rett Ned HeggmyriRettNed.
SPONSORAR SOGNEFJORDRENNET 2014
Hovudsponsorar er:
Kort oppsummering av rennet 2014
Sognefjordrennet er avvikla for 10. gong. Resultatliste fin du HER.

Det var 31 deltakarar som stilte til start, med 8 i fjellcrossen og 23 i fjellrennet. Dei fleste kom frå Syril Telemark og Luster Telemark.

Det var litt snø, skodde og vind, og starten for fjellrennet vart trekt ned mot Ostakanthadle. Fjellcrossen starta under Øykjahaug.

Det var god stemning, med bål og partymusikk, og kiosk med pølser, saft og kaffi, og telt for dei som hadde bruk for det.

Den store diskusjonen var om tideler skulle reknast med, eller om ein berre skulle bruke heile sekundar. Dei endelege listene er med tideler, og delte fyrsteplassar er derfor ikkje lengre tilstades. Me reknar ikkje med at det er eit stort problem.

Sogn Avis var sjølvsagt til stades. HER kan du lesa deira fyrste artikkel.

Det er no lagt inn nye bilder frå årets arrangement på nettsida. Fleire bilder kjem seinare.

Til slutt er det berre å takka alle deltakarar, funksjonærar og publikum for all innsats for Sognefjordrennet.