Syril Telemark takkar alle for deltaking og god stemning i Aoreveitane
0800: Rennkontoret opnar på Kleppa

1000: Avgang frå Kleppa til Leikanger Fjellarena. Quiz med forfriskningar på vegen.

1030: Transport av alpinutstyr, snøbrett og anna til målområdet og start FjellCross. Innlevering av utstyr på Kleppa frå 0830 - 0915. Utstyr må merkast med namn. Etter start FjellCross, vert transportkassen parkert i målområdet ved Aoreveitane. Retur til Kleppa med utstyr etter premieutdeling. Pris for transport kr 50 per person.

1300: Start Fjellcross. Start ved blått punkt på bildet. Fjell Cross er for dei minste, og heile familein. Tidtaking. Premieutdeling etter rennet. Les meir om Fjell Cross.

1400: Start Fjellrennet. Rennet går i laussnø frå start, og i preppa løype inn mot mål. Fjellrennet er for deltakarar over 12 år. Intervallstart, med eitt minutt mellom kvar. Fjellrennet inngår i regioncupen. Premieutdeling etter rennet.Les meir om Fjellrennet.
Bookmark and Share
Sognefjordrennet 9. mars 2013
MÅL
SOGNEFJORDRENNET
FJELLRENN
Program laurdag 9. mars 2013 Om Sognefjordrennet
Sognefjordrennet vart fyrse gong arrangert av Syril Telemark i 2006. Rennet vart starta som eit lokalrenn.

Sognefjordrennet har to renn:

Fjell Cross er preppa og godt merkt løype for dei minste og heile familien. Det er høve til å køyra einskildvis eller i grupper med fellesstart. Alle skitypar sjølvsagt. Start i skoggrensa under Fagereggji, på kring 800 - 900 moh. Mål ved Aoreveitane.

Fjellrennet er for eldre ungdom og voksne. Klassar for telemark, snøbrett og alpint. Start på Fagereggji, 1000 moh. Mål ved Aoreveitane, 600 moh.

Sognefjordrennet sin arena mellom Kjeringafjellet og Stokksete vert kalla Leikanger Fjellarena. Normalt er dette eit urørd område, utan straum, veg eller andre fasilitetar. Men, under rennet skifter området "drakt". Rett etter er alt vekke. Dette er berekraftig bruk av fjellheimen.
Regioncupen 2013
TELEMARK
HEIM NM 2010 2011 2012
FJELLCROSS
Sogn Røyr
 
Sognefjordrennet inngår i regioncupen, saman med Heggmyrane Rett Ned HeggmyriRettNed.