0800: Rennkontoret opnar på Kleppa
1000: Avgang frå Kleppa til Leikanger Fjellarena. Quiz med forfriskningar på vegen.
1030: Transport av alpinutstyr, snøbrett og anna til målområdet og start FjellCross. Innlevering av utstyr på Kleppa frå 0830 - 0915. Utstyr må merkast med namn. Etter start FjellCross, vert transportkassen parkert i målområdet ved Aoreveitane. Retur til Kleppa med utstyr etter premieutdeling. Pris for transport kr 50 per person.
1230: Start Fjellcross. Start på haugen som vist på bildet. Fjell Cross er for dei minste, og heile familein. Tidtaking. Premieutdeling etter rennet. Les meir om Fjell Cross.
1400: Fjellrennet. I år som FjellCross (NYTT!) med start på Fagereggji. Fjellrennet er for deltakarar over 12 år. Klassevis fellesstart. Fleire heat i kvar klasse ved fleire enn 5 deltakarar i klassen. Fjellrennet inngår i fjellcupen i fylket. Premieutdeling etter rennet.Les meir om Fjellrennet.
MÅL
SOGNEFJORDRENNET
FJELLRENN
Sognefjordrennet vart fyrse gong arrangert av Syril Telemark i 2006. Rennet vart starta som eit lokalrenn.
Sognefjordrennet har to renn:
Fjell Cross er preppa og godt merkt løype for dei minste og heile familien. Det er høve til å køyra einskildvis eller i grupper med fellesstart. Alle skitypar sjølvsagt. Starten er under Fagereggji, på kring 800 - 900 moh. Mål på sletta ved Aoreveitane.
Fjellrennet er for eldre ungdom og voksne. Klassar for telemark, snøbrett og alpint. I år som FJELLVROSS for fyrste gong. Det tyder fellesstart, med 3-5 deltakarar på startstreken.Start på Fagereggji, 1000 moh. Mål ved Aoreveitane, 600 moh.
Sognefjordrennet sin arena mellom Kjeringafjellet og Stokksete vert kalla Leikanger Fjellarena. Normalt er dette eit urørd område, utan straum, veg eller andre fasilitetar. Men, under rennet skifter området "drakt". Rett etter er alt vekke. Dette er berekraftig bruk av fjellheimen.
TELEMARK
FJELLCROSS
Rennleiaren minner om fjellcupen og at Fjellrennet på Sognefjordrennet er fjellcupfinale. Sidan Nibba blei avlyst, blir det ei rein cupfinalehelg ilag med HeggmyriRettNed. Han minner også om at kvar heatvinnar blir premiert etter målpassering. Les meir på
TAKK FOR EIN FIN DAG I FJELLET - OG MYKJE GOD INNSATS!