Påmelding og påmelde på nett
PÅMELDINGSFRISTEN PÅ NETT VAR 10. MARS
- sjå PÅMELDE på nett lengre nede på denne sida

Du kan framleis melda deg på på rennkontoret

RENNKONTOR I SKIHYTTA PÅ KLEPPA FRÅ 08:00 TIL 10:00 RENNDAGEN 12. MARS
-. Startnummer kan hentast frå 08:00 til 10:00
-. Etterpåmelding fram til klokka 10:00

BETALING
Betaling av startkontingent enten kontant elles må kvittering visast fram for å få startnummer.
Prisen er summen av A og B under. Denne er avhenging av renn og alder. Merk at det går ei grense på 26 år.
Merk innbetalinga tydeleg med "Sognefjordrennet 2011" og NAMN og KLUBB og ADRESSE.
Skriv opp alle namna om betalinga gjeld fleire personar

KONTONUMMER:
3705.17.16931

A: PRISAR FOR EINGONGSLISENS
Skiforbundet har innført endra prisar for eingongslisens. Dette er ei forsikring mot eigenskade som alle må ha, om dei ikkje har skaffa seg lisens sjølv. Dei som kan vise fram slik, skal ikkje betala eingsonslisens på Sognefjordrennet.
Eingongslisensen fylgjer alder, og kjem i tillegg til klubben sin startkontingent.

Prisen frå 13-25 år er kr 50
Prisen for dei som er 26 år og eldre er kr 120, men
pris for dei som stiller i trimklassar, med eller utan tid, er prisen kr 50.

Derfor seier me at alle over 26 år stiller i trimklasse i år, og alle betalar kr 50 i startlisens!

B: STARTKONTINGENT UTAN EINGONGSLISENS
Fjell Cross alle aldrar: kr 100
Fjellrennet 12-15 år: kr 100
Fjellrennet, junior, 16-20 år: kr 150
Fjellrennet, senior og eldre: kr 150
RENNKONTOR Kleppa  kl 08-10 12. mars
PARKERING
PARKERING
TIL FJELLS - CA 40 MIN TIL MÅLOMRÅDET OG CA 3,5 TIME TIL START PÅ KJERINGI
PÅMELDE PÅ NETT INNAN FRISTEN - høve til påmelding på rennkontoret 12. mars frå 0800 til 1000