Fjellrennet er for dei som likar bratte bakkar, fart, skare, laussnø, mjølkesyre og spektakulere fall. Eit typisk fjelltelemarkrenn. Klassar for både telemark, alpint og snøbrett. Fjellrennet startar normalt på "heimste varden" på Kjeringafjellet, på 1269 moh. For alle som er 12 år og eldre.

Det går raskt nedover frå start, til det store plattået på Kjeringafjellet. Frå plattået stuper det ned til Fagreggji forbi Kjeringi (Kjeringasteinen). Her er det utfordringar i massevis, med bratte heng, skavlar og naturlege svingar og andre "hindringar".

Frå Fagereggji (1000 moh) ser ein mål. Om låra ikkje er altfor stive, kan ein her få god fart og lange svingar, og berre "stao pao".

REGLAR:
Manglande portpassering vert "belønna" med 30 sekund i tillegg. Dei som "gløymer" reipelykkjao får 1 minutt i tillegg. NB! Snøbrettkøyrrane slepp å ta reipelykkjao.

Sjå meir film og bilder frå nettsida til Sognefjordrennet og NM fjelltelemark 2010.

Klassar for ungdom, junior, senior og "old boys and girls" - over 40 år.
Fjellrennet - Sognefjordrennet



Fjellrennet - telemark, alpint og snøbrett i laussnøen
Her kan du sjå ein video frå Sognefjordrennet i 2008. Du finn også andre telemarksfilmar her.
Her kan du sjå ein video frå Fjelllrennet på Sognefjordrennet i 2009.
START 1269 moh (Kjeringafjellet)
MÅL
FJELLRENNET
Fjellrennet