Fantastiske forhold i fjellet
10/03/2011 16:12
Løypesetjarane til Syril telemark kom ned frå fjellet med store smil i kveld. Dei hadde opplevd noko av dei flottaste snøforhold nokon sinne, sa dei. Dei har kome godt i gong med stikkinga, og om  veret held seg no, so kan det gå mot eit flott arangement.
Send kommentar

Premiering
09/03/2011 16:13
Det vert premiar til dei beste i kavar klasse. I tillegg vert det trekning av gåvepremiar på startnummer. Det er mange fine premiar som skal trekkast ut for deltakarane i både FjellCross og Fjellrenn. Så meld deg på, og ver med på trekninga. Berre dei som stiller i rennet får delta på trekninga.
Send kommentar

Påmeldingsfrist 10. mars 24:00
09/03/2011 16:14
Påmeldingsfristen på nett er sett til 10. mars 24:00. I tillegg er det høve tilå melda seg på på rennkontoret på Kleppa frå 08:00 til 10:00 laurdag 12. mars, renndagen. Me oppmodar alle om å bruka nettet, då det kan bli litt stress på morgonkvisten renndagen.
Send kommentar

Domeneproblem www.sognefjordrennet.com
09/03/2011 16:14
Det har skjedd ein feil på "webhotellet" til www.sognefjordrennet.com, og derfor vert reservedomenet www.syriltelemark.no nytta. Feilen kunne ikkje kome på eit verre tidspunkt. Syril telemark beklagar feilen., og vonar at du fann lett fram til denne sida likevel. Feilen vart reta opp midt på degen den 9. mars. Eitt døgn nede.
Send kommentar

Fine premiar i år
24/02/2011 16:14
Rennleiar Egil Johs Vangsnes har fått gode avtalar med sportsbutikkane og andre leverandørar og sponsorar, og lovar fine premiar i år
Send kommentar