0800: Rennkontoret opnar på Kleppa
0900: Avgang frå Kleppa til Leikanger Fjellarena. Quiz med forfriskningar på vegen.
0930: Transport av alpinutstyr, snøbrett og anna til målområdet og start Fjell Cross. Innlevering av utstyr på Kleppa frå 0830 - 0915. Utstyr må merkast med namn. Etter start FjellCross, vert transportkassen parkert i målområdet ved Aoreveitane, og retur til Kleppa med utstyr vert etter premieutdeling for Fjellrennet. Pris kr 50 per person.
1230: Start Fjellcross. Start på haugen som vist på bildet. Fjell Cross er for dei minste, og heile familein. Tidtaking. Les meir om Fjell Cross.
1330: Fjellrennet. Start på heimste varden på Kjeringafjellet ved fint ver. Fjellrennet er for aktive telemarksløparar over 12 år. Les meir om Fjellrennet.
1500: Premieutdeling i målområdet etter renna
MÅL
SOGNEFJORDRENNET
FJELLRENN
FJELLCROSS







Sognefjordrennet vart fyrse gong arrangert av Syril Telemark i 2006. Rennet vart starta som eit lokalrenn, men litt ambisjonar. Primus motor frå starten har vore Egil Johannes Vangsnes. Han har fått med seg andre i Syril Telemark til å satsa på Sognefjordrennet som eit årleg fjellrenn.
Sognefjordrennet har to renn. Fjell Cross er preppa og godt merkt løype for dei minste og heile familien. Mange gonger har dei under 10 år vore i fleirtal. Det er høve til å køyra einskildvis eller i grupper, med fellesstart. Alle skitypar sjølvsagt. I fint ver har starten gått frå Fagereggji og ein del andre stader. Det har vore mange ulike løyper. Til 2011 er det hogge delvis ny løype. Mål på sletta ved Aoreveitane.
Fjellrennet er for dei meir drevne fjellrennarane. Det er klassar for telemark, snøbrett og alpint. Rennet går frå port til port i laussnøen. I fint ver har det vore start oppe på Kjeringafjellet, 1269 moh. Mål ved Aoreveitane, 600 moh.
Sognefjordrennet sin arena mellom Kjeringafjellet og Stokksete har vorte kalla Leikanger Fjellarena. Normalt er dette eit urørd område, utan straum, veg eller andre fasilitetar. Men, under rennet skifter området ham. Rett etter er alt vekke. Dette er berekraftig bruk av fjellheimen.
Hannes sine kontaktar med telemarksmiljøet i Norges Skiforbund, og hans nasjonale engasjement, førte til at Syrli Telemark tok på seg eit NC-renn i fjelltelemark i 2008. Eit godt gjennomført NC-renn og nøgde deltakarar gjorde at Syril telemark fekk spørsmål om å ta på seg NM i fjelltelemark i 2010. Dette gjekk så bra, at Syril vart årets telemarkarrangør i 2010, saman med telemarksmiljøet på Hafslo.

YR meldte fint ved rennstart. Det var ikkje så verst meldt. Finveret kom litt seinare.
Øystein Uglum Henjum var raskast ned fjellrennet under Sognefjordrennet i 2011. Tida var 1:37, eitt sekund føre Aslak Rockwell Djupedal. Begge Syril Telemark
Sognefjordrennet 2011 vel gjennomført, og i år som før var premiebordet av høg klasse. Takk til alle sponsorane.
Det er noko magisk med Aoreveitane. Her får arrangørane på plass ein utruleg stemingsfull og intim arena, med musikk, kiosk med sal av pølser, toddy og kaffi, og med masse varmetelt. Desse var utlånt av jakt og fiskelaget. Ein time etter rennet er alt rydda og vekke. I fjor var Aoreveitane NM-arena, men han var nesten like fin i år.
Snøver og skodda hindra diverre start frå Kjeringafjellet også i år. Starten vart trekt ned til 1000 moh, til Fagreggi. Det var rekordmykje nysnø i år, og stort sett jamne og gode forhold.
FjellCrossen samla kring 20 rekruttar. God løype, god køyring og fine premiar gjorde at alle var godt nøgde med dagens innsats i fjellet, som rett og slett var imponerande av dei yngste.