Sognefjordrennet vart fyrste gong arrangert i 2005 av Syril Telemark, i fjellheimen over Leikanger, i Systrondsfjelli. Rennet går frå Kjeringafjellet til Oreveitane, frå 1269 moh til omlag 600 moh.

Sognefjordrennet er for både telemark, alpint og snøbrett. I 2008 arrangerte Syril NC i fjelltelemark. Og no i 2010 er det altså NM i fjelltelemark.

Kartet viser kvar du finn kva under Sognefjordrennet og NM fjelltelemark.
Syril telemark kallar området for LEIKANGER FJELLARENA.
1. Innlosjering på Sognefjord Hotel fredag kveld. Her finn du også rennkontoret og renninfo klokka 2100. På Sognefjord Hotell vert også NM-festen laurdag etter premieutdelinga.

2. Det vert premieutdeling og kulturinnslag i Leikangerhallen etter rennet på laurdag. Leikangerhallen er bygdi si nye storstove.

3. For å kome til Leikanger Fjellarena køyrer du bil til Kleppa, parkerar der, og startar på turen fram til målområdet (7). Anmarsjen er ein lett tur over Videmyrane og opp til Stokksete, på kring 40 minutt. Du kan ta skiheisen (3-4) på Kleppa, for å gjera "slitet" litt mindre.

På Kleppa vert det også rennkontor frå klokka 0730 på renndagen den 6. mars.

5. I målområdet vil det bli kulturinnslag, sal av grillmat, saft og anna godt. Frå målområdet er det panoramautsikt mot løypa. Det vil bli showrenn frå klokka 1200,
med Fjell Cross og telemarking.

6. Okslehaugane (868 moh) vert nytt startpunkt for Fjell Crossen. Dei køyrer NM-løypa inn mot mål for mest mogleg show-effekt. Frå same punkt vil det bli anna showkøyring.

7. Høgde 1259 på Kjeringafjellet er startpunkt for Fjellrennet og NM fjelltelemark. Renni går ned til målområdet ved Oreveitane (5). Ein må rekna 4 timar fram til start frå Kleppa.

Fjellrennet er for dei som likar bratte bakkar, fart, skare, laussnø, mjølkesyre og spektakulere fall. Eit typisk fjelltelemarkrenn. Klassar for både telemarksving, telemark, alpint og snøbrett. I 2010 oppfordrar ein alle telemarkarar til å stille på NM. Fjellrennet startar normalt på "heimste varden" på Kjeringafjellet, på 1269 moh. For alle som er 12 år og eldre.

Det går raskt nedover frå start, til det store plattået på Kjeringafjellet. Frå plattået stuper det ned til Fagereggji forbi Kjeringi (Kjeringasteinen). Her er det utfordringar i massevis, med bratte heng, skavlar og naturlege svingar og andre "hindringar". Dette var ein ny trase i konkurransesamanheng 2008, men som fylgjer den klassiske løypa til Kjeringafjellet.

Frå Fagereggji (1000 moh) ser ein mål. Om låra ikkje er altfor stive, kan ein her få god fart og lange svingar, og berre "stao pao". Inn mot mål er det hogge ny løype for året. Manglande portpassering vert "belønna" med 30 sekund i tillegg. Dei som "gløymer" reipelykkjao får 1 minutt i tillegg. NB! Snøbrettkøyrrane slepp å ta reipelykkjao.
Fjellrennet - Sognefjordrennet
Dette er det store rennet for Syril telemark dette året. NM i fjelltelemark er Syril telemark si rette ånd. Klubben har mange gode telemarkarar, som no vil få prøva seg mot dei beste i landet på i eigne fjell. Klassar for 12-13 år og 14-15 år i landsfinalen, og junior og senior i NM. IKKJE KRAV TIL STIL.. Flotte premiar, heider og æra. NM og landsfinalen brukar den same løypa som Fjellrennet.
NM fjelltelemark og landsfinale ungdom
Dette rennet er fyrst og fremst retta inn mot dei yngste, men er også populært hjå dei vaksne. Preparert løype frå start til mål. Men, løypa har svingar og kular i massevis, og ei fin utfordring for alle.

Det er ingen spesielle reglar i Fjell-crossen. Men, alle løparane vert oppfordra til å stille med hjelm, ha ryggsekk, ha fangreimar, og elles halde seg til løypa.

Fjell Crossen vil i år bli eit oppvisningsrenn føre starten på NM i fjelltelemark. Løypa vil derfor starta på ein litt annan plass enn tidlegare, og fylgje NM-løypa inn mot mål. Kortare løype enn tidlegare.

Fjell Cross - Sognefjordrennet




6. mars NM fjelltelemark - landsfinale ungdom og Sognefjordrennet
Her kan du sjå ein video frå Sognefjordrennet i 2008. Du finn også andre telemarksfilmar her.
Her kan du sjå ein video frå Fjell Cross rennet på Sognefjordrennet i 2009.
Her kan du sjå ein video frå Fjelllrennet på Sognefjordrennet i 2009.