Resultat NM telemark storslalåm
Alle var imponerte over arrangementet på Sogn Skisenter. Skodda låg over skisenteret, men hindra ikkje at NM telemark storslalåm gjekk som planlagd. Dei mange funksjonærane gjorde ein fantastsik jobb, og løypene var like gode for alle løparane. Portvaktene imponerte. På kort tid hadde dei tilegna seg det som skulle, og dei som ikkje hadde stilen i orden fekk tillegg for kvart stilbrot. Men, mest av alt imponerte sjølvsagt løparane. Sjå bilda til sportsfotograf John Ingar Bukve!

På Sogn Skisenter fekk dei tilreisande vist kva dei kan. Medan Sogningane gjorde det sterkt i fjelltelemark i systrondsfjelli dagen før, måtte dei finne seg i bli slått i den internasjonale disiplinen telemark storslalåm.
Sjå resultata HER