NM fjelltelemark og Fjellrennet (alapint og snøbrett) gjekk av stabelen på Leikanger Fjellarena laurdag den 6. mars 2010. Skodda i fjellet hindra at starten kunne gå som planlagd, på kring 1200 moh. Starten vart trekt ned til kring 1000 moh. Då var det sikt og fine forhold. Løypa var variert og krevjande, men på grunn av at den var litt kort, så fekk ikkje alle fram mjølkesyra, og hold stilen fint til mål. Men, dei beste var best også denne gongen. HER kan du sjå Maia sine bilde frå NM fjelltelemark og fjellrennet (alpint og snøbrett)

Syril telemark kåra norgesmeistarar og andre meistarar denne dagen. Arrangørklubben hevda seg sterkt, og reiste avgarde med halparten av medaljane i seniorklassane. Det var to "gamle" ringrevar som vann NM i seniorklassane. Dei vart også norgesmeistar på Tinderittet i 2005, dei fyrste nokon sinne. Det var John-Ove Sinnes og Silje Storevik Moe. Ho var junior i 2005.
Resultat NM fjelltelemark og Fjellrennet
John-Ove Sinnes frå Sirdal Skilag vann NM fjelltelemark, og kongepokalen, som vart delt ut for fyrste gong. Birger Goberg frå Norges Skiforbund sto for utdelinga, til "Ja vi elsker" med Leikanger Mannskor i Leikangerhallen. Flottare kunne det ikkje bli
Bildet viser Torgeir Sværen Henjum gå inn til ein sølvmedalje. Innfelt eit bilde frå premieutdelinga, der alle som fekk premie i seniorklassen samla seg på seierspallen. Torgeir stilte i "Syril i mitt hjerte" - T-skjorte, til stor applaus frå publikum.
Sjå resultatlista HER.