NM telemark storslalåm og landsfinale ungdom
Bildet viser bakketelemark, eller Telemark Racing. Slik skal ein køyra på Hafslo den 7. mars. Foto frå NSF sine nettsider

Storslalåm for telemark i bakke, såkalla Telemark Racing. Løypa vert sett med storslalåmsvingar / portar. Eitt hopp, med hopp frå 10-25 meter. Ingen reipelykkje eller langrenn. Krav til telemarkstil.

Alpinbakken på Sogn Skisenter er lang, bratt og tøff. Med Norges lengste skitrekk, og tilsvarande lang bakke, har utøvarane ei fin og ny utfordring for dei fleste. Heggmyri Rett Ned, startar normalt oppe i snaufjellet, men ikkje i år, på grunn av snømangel.
Heggmyri rett Ned
Frå starten av Heggmyri Rett Ned er det god utsikt mot Lusterfjorden og Hurrungane.Les meir om Heggmyri Rett Ned HER
Fin tur opp til start frå toppen av skitrekket.
RETT NED. Her ein lustring på Tinderittet.
7. mars NM telemark storslalåm 2010 - landsfinale og HRN
VELKOMEN TIL HEGGMYRI RETT NED

Me ønskjer løparar, publikum, samarbeidspartnerar og arrangørstab velkomen til Heggmyrane den 7.mars.

Heggmyrane den 7.Mars 2010 er staden ‘dar da skjer!’

Og du er hjarteleg velkomen enten du er forelder, utøvar, eller rett og slett skifrelst.  Me håpar den 3. utgåva av HRN sammen med Norgesmesterskap i Telemark, Storslalåm, trekkjer mykje folk, flott vér og kjempegodt humør på alle involverte.

Som arrangør må me sei at fjorårets store påmelding i dei yngre klassane var svært gledeleg. Dei unge viser alltid ekte skiglede, og gir inspirasjon til både arrangørar og publikum. Dette lovar godt for rekrutteringa framover.

Skiglede, skiferdigheiter og stor innsats – Heggmyrane er den naturlige møtestaden for for alle skiglade uansett nivå.


Renninformasjon:
I og med at me arrangerer to renn same dagen vil me i år holde til i hovedtraseén.

Dvs. ikkje utanom prepparert løype for dei eldste klassane. Løypa vil følgje samme portane som i Telemark Storslalåm.

HRN vert inndelt i klassar som i fjor, med følgjande endring:

Klasse 11-14 år vert delt i to nye klassar frå 11-12 og13-14. Dette er fornuftig då det er stor skilnad i dugleiksnivå i desse årsklassane.Trekket vil gå under heile rennet.

Det er klassar for Alpint, Telemark og Snøbrett

Alle som stiller i telemarks-klassane skal ha telemarksving ved portpasseringar. Det blir tidsstraff (15sek.) for feil passering.


Rennkontoret
Rennkontoret finn du inne i adm.bygget til Sogn Skisenter.

Påmelding på nettsida er open t.o.m Fredag 5/3  kl. 2200.

Etterpåmelding er mogleg på renndagen fram til kl. 1300 (Kr. 100 ekstra)

Startnummer må hentast før kl.1300. Hugs kontantar til deltakaravgifta:  kr100,- u/15år , kr 150,- over 15 år.

Starttidspunkt
Born 6-10 år startar ved mast 10 frå kl 15.00.

Juniorar 11-12 og 13-14 år startar ved mast 16 frå kl.15.30.

Klassane 15-99 år startar kl 16.00


Kle deg godt.
Me serverer varm drikke ved start . Då det kan bli ei stund å vente, ber me alle om å kle seg godt. Det kan vere svært kaldt og surt på toppen.

HJELM ER SJØLVSAGT PÅBUDT! – og me anbefalar også ryggplate.


Program sundag 7. mars Heggmyrane

0800: Rennkontor, med utdeling av startnummer og renninfo.

1000: Start 1. omgang NM telemark storslalåm

1230: Start 2. omgang NM telemark storslalåm

1300: Rennkontor stenger for HRN, påmelding og henting av startnummer må være utført.

1400: Premieutdeling NM telemark storslalåm

1500: Start Heggmyri Rett Ned

1700: Premieutdeling Heggmyri Rett Ned

1900: NM/HRN Buffét på Hafslotun

Meld deg på snarest mogleg, og kvifor ikkje utfordra nokre kameratar?

Velkomen til Heggmyrane den 7.Mars.