Løypesjefen i aksjon på Kjeringi
05/03/2010 07:13
Løypesetjing er ein kunst, som krev lang røynsle. Egil Johs Vangsnes, løypesetjar på Sognefjordrennet, og Tinderittet, set her løype på eit utfordrande punkt på Kjeringafjellet, to dagar før NM i fjelltelemark. Denne gongen var det bruk for sikringsnett.
Send kommentar

Leikanger Mannskor syng til kongepokalen
04/03/2010 22:36
Leikanger mannskor er det mest kjende koret i Sogn og Fjordane, og kjende for mannskorrevyen, som er fast på palmelaurdag. No er dei hyra inn til NM i fjelltelemark, for å syngja nasjonalsongen til kongepokalen. Deira største oppdrag noko sinne kanskje?
Send kommentar

Transport av utstyr til Leikanger Fjellarena
04/03/2010 07:22
Dei som har alpinutstyr og snøbrett kan få transportert utstyr fram til målområdet ved Oreveitane, eller fram til starten på Fjell Cross. Så kan ein gå fram på langrenn eller turski. Innlevering av utstyr på Kleppa laurdag morgon fram til 0915. Avreise transport 0930. Transport kostar kr 50 per person. Hugs å merk utstyr med namn og kvar det skal, eller pass på å plasser det i rett transportkasse.
Send kommentar

Påmeldinga på nett stenger fredag klokka 1200
04/03/2010 07:30
Påmeldinga via internett stenger fredag klokka 1200. Trekning for NM-fjelltelemark og fjellrennet på Leikanger vil skj klokka 1300. Dei som då framleis ikkje har meldt seg på, må gjere dette ved oppmøte på rennkontora. Desse vil starta til slutt.
Send kommentar

Trekning av gåvepremiar
04/03/2010 07:38
Når den fyrste påmeldingsfristen gjekk ut, hadde 132 personar meldt seg på til NM, Fjellrenn og Fjell Cross. I tillegg kjem personar påmelde på Heggmyri Rett Ned. Desse vil delta på trekning av gåvepremiar, mellom anna eit par Dynastar Legend Mythic. Det vil bli eigne gåvepremar til dei minste. Me kjem attende til opplegg rundt sjølve trekninga. Takk til alle som har meldt seg på. Dette blir moro. Alle andre kan framleis melda seg på.
Send kommentar

Telenorcup på Heggmyri Rett Ned
04/03/2010 07:05
Heggmyri Rett Ned i klasse 8-12 år er Telenorrenn. Rennet går etter NM-telemark storslalåm sundag 7. mars. Les meir om rennet på HRN sine nettsider.
Send kommentar

TYYL og 18 år på Sognefjord Hotell
02/03/2010 21:18
Med utgjevingi av EPen ”Atterava?” og påfølgande turnéaktivitet har rockeorkestret Tyyl! gjort kometkarrière i den norske undergrunnen. Kontant og fengande rock med tekstar på sognamål fell tydlegvis i smak hjå musikkelskarar landet over. Det fell også i smak at TYYL spelar på NM-festen, og at aldersgrensa er 18 år.
Send kommentar

Kinesisk utfor i Sogndal
27/02/2010 23:02
Fjellsportfestivalen sitt kinesiske utfor i 2010 såg slik ut. Farleg sa Fred Syversen og fleire andre. Og det er heilt sikkert rett. Du risikerar livet i kinesisk utfor i Sogndal. Og det veit alle som stiller på startstreken. I Sogn har me lange tradisjonar med ekstremsport, og me veit at uansett korleis løypa ser ut ut , og kor mange som stiller på startstreken, så er det berre ein ting som avgjer kor farleg det er, og det er "du sjølv".
Send kommentar

Pengepremiar og gåvepremiar og...
25/02/2010 22:50
Sognefjordrennet lovar pengepremiar, fine gåvepremiar, medaljar, blomar, T-skjorter og mykje anna for deltakarane på renna i Sogn. Det blir mest på vinnarane. Det skal løna seg å vinna i Sogn. Men, det blir litt på alle. Det blir mellom anna gåvepremiar frå Bratt! Og det blir KONGEPOKAL!
Send kommentar

Byr på open hall
25/02/2010 19:32
I samband med NM i Fjelltelemark på Leikanger har ungdomsrådet i samarbeid med idrettslaget Syril og Opplev Leikanger teke initiativet til arrangera Open Hall i Saften. Tilbodet, som er det første i sitt slag i Leikanger, gjeld ungdom mellom 13 og 18 år.
Send kommentar

Fjell Cross for barn og voksne
25/02/2010 19:16
Anette Killingrød, 7 klasse Leikanger Barneskule, har teikna denne Ski Cross plakaten. Plakaten inviterar alle vaksne og born til Fjell Cross på Sognefjordrennet, i samband med NM fjelltelemark. Start klokka 1200 laurdag 6. mars. Alle deltakarar får T-skjorte i premie.
Send kommentar

T-skjorter til alle deltakarar og funksjonærar
23/02/2010 21:18
Det blir flotte T-skjorter til alle deltakarane på både NM fjelltelemark og NM telemark storslalåm. T-skjortene har same logo, men ulike sponsorar og fargar. Bli med på begge renna og få ny vårkolleksjon i Sogn.
Send kommentar

Eirik Rykhus til Sogn for å ta kongepokalen
23/02/2010 07:39
Eirik Rykus er verdas beste telemarkar, og kjem til Sogn for å ta kongepokalen. Han er mange gonger norgesmeistar, men manglar kongepokalen. Eirik er ein skikkeleg veteran, trass ung alder. Han var med på Tinderittet midt på 1990-talet. No skal han møta sogningane på nytt.  HER kan du lesa intervjuet med Birthe Johanne Finstad
Send kommentar

Gondolslepp og NM på Hafjell
16/02/2010 07:52
Syril telemark var på Hafjell helga 12-14. februar. Der deltok dei på samling med opplendingane, NM-telemark og Godolsleppet. Dei kaom att med medaljar og fine premiar. Sjå bilda til Frode Vagstad ved å klikke på tittelen. Katinka Knudsen og Eirik Rykhus blei norgesmeistarar under glitrende forhold i Hafjell. Sjå meir på skiforbundet sine nettsider HER
Send kommentar

Landsfinalar for 12-13 og 14-15 åringar
09/02/2010 21:47
Nytt av året er at det vert arrangert landfinalar for 12-13 og 14-15 åringar under NM. Det gjeld for både fjelltelemark og telemark storslalåm. Det blir gull, sølv og bronsemedaljar til dei tre beste i kvar klasse. Medaljane vert levert av Norges Skiforbund. Statoil er sponsor, stiller med startnummer, og støttar kvart arrangement med kr 5000. Deltakarane skal bruke påmeldingskjema til NM.
Send kommentar

Sogn Skisenter 6. februar - rapport
08/02/2010 22:39
Kring 20 unge og gamle telemarkarar frå Syril telemark og Luster telemark deltak på treninga den 6. februar. Det vart trena i fartsfylte løyper i 2 timar. Stor framgang for alle. Sjå bilde frå treninga ved å klikke på linken (tittelen).
Send kommentar

Sogn Skisenter 30. januar - rapport
05/02/2010 22:39
Fellestreninga for Syril telemark og Luster telemark på Sogn Skisenter den 30. janiar frå 0800 til 1000 vart ein stor suksess. Nysnøen låg fint i bakken. Det var portkøyring og hopp. Følg linken (tittelen) for å sjå bilder frå treninga.
Send kommentar

Kongepokalen til NM fjelltelemark 2010
24/01/2010 12:46
Telemarkskomiteen har vedteke å dela ut kongepokalen i fjelltelemark i klassen herrar senior under NM i fjelltelemark. Helgi 6-7 mars blir eitt av dei store høydepunkti. Då står både NM i fjelltelemark og NM i telemark storslalåm på programmet. Det skal arrangerast i Sogn. IL Syril er arrangør av Sognefjordrennet og NM fjelltelemark, medan Hafslo IL/Luster telemark står for NM i storslalåm. Telemarkarane kan sjå fram til ei innhaldsrik skihelg med fleire typer skirenn, kulturelle innslag og NM fest. Og nå er det altså klart at det blir ein skikkelig fight om den gjeve kongepokalen (NSF).
Send kommentar

NM-jakka til Kvitfjell
22/01/2010 19:24
NM-jakka har reist til Kvitfjell for å visa seg fram på skifestivalen. 12 skileikarar frå Luster telemark og Syril telemark drog avgarde. I fylgje sjåføren på veg ned valdres, hadde alle jakkene på heile vegen, også i bilen. I kveld skal dei fylgje telemarkscupen. I morgon skal dei tøffaste delta i Tele Cross. Det er ein bakkevariant av Fjell Cross, som me driv med i Sogn. Les meir om festivalen HER
Send kommentar

Sognefjordrennet med nye nettsider
20/01/2010 19:25
I samband med NM i fjelltelemark og telemark storslalåm, så er det laga nye nettsider. Må prøva litt nytt i slike samanhengar. Dei gamle var eit ork. Men, dei har vore til god nytte. Asplan Viak har støtta oss med FullXML. Så har det vore nytta Cute Site Builder, som er mest kjent som Trellix. Trellix vart laga av Dan Bricklin, som laga det fyrste reknearket, Visi Calc, i 1978.
Send kommentar