




Program fredag 5. mars - Sognefjord Hotel Leikanger
1700: Rennkontor, med utdeling av startnummer og renninfo.
2100. Renninfo. Sognefjord Hotell, Leikanger
Program laurdag 6. mars - Leikanger Fjellarena les meir
0730: Rennkontoret opnar på Kleppa
0900: Avgang frå Kleppa til Leikanger Fjellarena. Quiz med forfriskningar på vegen.
0930: Transport av alpinutstyr, snøbrett og anna til målområdet og start Fjell Cross. Innlevering av utstyr på Kleppa frå 0830 - 0915. Utstyr merkast med namn og reisemål.
1200: Fjell Cross opnar arrangementet i Oreveitane. Skioppvisning av dei minste.
1300: Start NM fjelltelemark, landsfinale ungdom og Sognefjordrennet
1500: Blomsterseremoni i målområdet etter rennet.
1600: Opning av garderobar i Leikangerhallen.
1800-2000: Premieutdeling med kulturinnslag i Leikangerhallen. Sal av mat og drikke.
2000-2400:.Open Hall for ungdommen. Eit samarbeid mellom Syril, ungdomsrådet i kommunen og Opplev Leikanger. Her blir det vanleg kiosksal utover kvelden
2030: NM-fest på Sognefjord Hotell. Det vert servert meksikansk NM-middag i ein uformell og koseleg atmosfære i baren frå 1930. Musikk ved Tore Leiren. Bandet TYYL held konsert ca kl 22:00. 18 års aldersgrense. Bilett kr 150 for fest og konsert. Opplegg for transport til Sogndal etter festen.
Program sundag 7. mars les meir
0800: Rennkontor, med utdeling av startnummer og renninfo.
1000: Start 1. omgang NM telemark storslalåm og landsfinale ungdom
1230: Start 2. omgang NM telemark storslalåm og landsfinale ungdom
1300: Rennkontor stenger for HRN, påmelding og henting av startnummer må være gjort
1400: Premieutdeling NM telemark storslalåm
1500: Start Heggmyri Rett Ned
1700: Premieutdeling Heggmyri Rett Ned
1800: Afterrenn med foto og video frå NM helgi og NM-buffet på Hafslotun
NM sponsorane - tusen takk til dei
Bilde frå Leikanger Fjellareana renndagen 6. mars 2010. Skydekket låg på 1000 moh. Sognefjorden.

Bildet: Espen M Gjems og speaker Hågen laga mykje moro under NM-helgi. Espen sto for musikken, men her måtte han dansa utan musikk, då han vann eit par Dynastar Mythic Legend på trekninga av gåvepremiar.
Arrangørane Syril telemark og Hafslo IL, med Luster telemark og Sogn Skisenter, kan sjå attende på ei svært vellukka NM-helg. Takka vera god deltaking og god innsats frå mange frivillige eldsjeler over lang tid, gjekk det meste prikkfritt.
Men, alle skal vita det, at også under sjølve arrangmentet må arrangørane løyse nye problemstillingar kontinuerleg. Dette har me røynsle med, og alt ordna seg på beste måte.
Arrangørane vil med dette takka alle deltakarane, alle representantane frå Norges Skiforbund, alle sponsorane og støttespelarane, alle funksjonærar og alle som var publikum, for deira deltaking og bidrag til at NM-helga i telemarking i Sogn, vart ei helg med berre gode minne for alle! Velkomen att neste gong!
Bildet viser Harald Kværner gå inn til beste tid og norgesmeistarskap i NM telemark storslalåm på Sogn Skisenter sundag den 7. mars 2010. han fekk også beste stil i mannfolkklassen. Sjå resultatliste og fleire bilde HER.
Den største utfordringa sto skodda i systrondsfjella for. Skodde er eit kjent problem for fjelltelemarkarane. Starten vart flytta ned, og rennet kunne gå.
Monica Flatland - Fjell Cross og NM fjelltelemark
Ørjan Talle - NM fjelltelemark
Birthe Johanne Finstad - Leikanger Fjellarena
Birhte Johanne Finstad - NM telemark storslalåm NYTT!
John Ingar Bukve - NM telemark storslalåm
Maia Johnsen Kvåle - NM fjelltelemark
Morten Nordli - Alle renni, folk og natur
Sogn Avis - Leikanger Fjellarena - NM og Fjell Cross
Sogn Avis - Sogn Skisenter - NM og HRS
Roar Werner - Bilde frå Leikanger Fjellarena
Øystein Alexander - Bilde frå Kjeringi i førekant
Sognefjordrennet - NM fjelltelemark
Sognefjordrennet - NM telemark storslalåm
Fri Flyt - Historisk kongepokal
NRK Sogn og Fjordane - Norgesmeistar i eigne fjell
NRK Sørlandet - Norgesmester i fjelltelemark
Sogn Avis - Norgesmeistar på heimebane
Norges Skiforbund - Sinnes største idrettsbragd
Norges Skiforbund - Flott NM-helg i Sogn
Sirdølen - Sirdøl fekk kongepokal
Hei! Har du bilde eller video du vil ha publisert på nettsidene, kjenner til andre reportasjar frå NM, eller har lyst å seia noko sjølv, send ei melding til Sognefjordrennet med E-POST