Her er Fjell Cross Ilfilm 2009
Her er Fjellrenn-filmen

Start nr 1 frå høgde 899. God utsikt over Sognefjorden.
Syril Telemark vil takka alle deltakarar, funksjonærar og sponsorar for eit vellukka Sognefjordrenn endå ein gong. Mykje sein påmelding gjorde at løparane starta i noko uordna rekkefølge utover løpet. Av same grunn gjekk det meste av premiane til klassepremiering, og det vart ikkje noko av den annonserte trekkinga av premiar på startnummer.

Løypene var godt likte av løparane. Det var mange som melde seg på i den nye klasse for fjelltelemarksving. Mange hadde nok forventa mindre tøffe løyper i denne klassen, og betre tilpassa telemarksving. Det var likevel mykje god telemarksving å sjå. Og det var mykje god vanleg fjelltelemark-, alpin- og brettkøyring.
Du finn fram til resultata i høgre kolonne eller her: RESULTAT FJELLRENNET
Nytt i 2009 for Syril Telemark var merking av løypene med fargestoff. Det vart nytta saftkonsentrat. Dette fungerte svært godt. Aldri tidlegare har løypene vore så lette å finna fram i. Crossløypa nytta berre denne form for merking. Det var svært tidsparande. Etter rennet var det ingen ting å rydda opp. Eit miljømessigt stort framskritt. Men, det viktagaste var at dei unge løparane lovprisa den nye løypa og det nye opplegget.

Starten på den nye cross-løypa låg på høgde 899 moh, 100 meter lågare enn Fagreggi, som har vore starten tidlegare. Det var likevel langt opp for dei minste. Men, når dei fyrst var oppkomne, var dei godt nøgde. Det vil snart bli lagt ut ein film på nettet, som viser kor fantastiske dei var nedatte.

Sarah Haugen frå Luster Telemark imponerte også i år med god skikøyring. Her stuper ho ned mot Sognefjorden i flott telemarkstil til 1. plass i klassen. I jenter 12-13 år stilte det tre jenter i klasse fjelltelemarksving, i den tøffe løypa frå Kjeringafjellet. Dei to andre var Jenny Johnsen Kvåle og Gunnhild Sofie Vangsnes. Alle fekk premie (bildet under).


Sognefjordrennet blir i år arrangert for 5. gong den 28. mars. Det er Fjell Cross i preppa løypa for alle, og det er Fjellrenn i laussnøen for dei som er 12 år og eldre. På begge renna kan du stille med telemarkski, alpinski eller snøbrett.
Nytt i år er eigen klasse for telemarksving. Det gjeld både Fjell Cross og Fjellrennet. Det vil ikkje bli stildøming med tillegg i tida. Syril Telemark vil med dette sikte seg inn på dei som likar å køyre telemarksving, og set stilen føre tid og plassering. Afterski med video for stilstudie av løparane. Det må vera døming god nok (hehe).
Fjell Cross er for folk i alle aldrar, men spesielt for dei minste. Ein vil lage løype i terrenget med trakkemaskin. Start under Rjupeskard (899 moh) (NYTT!). Den nye starten er lettare å nå for dei minste. SJÅ KART. Alle typar ski. Løypa har fine svingar og kular. Høve til å køyra i grupper, og utfordra kameratane til ein skikkeleg "tvekamp".

Rennet startar klokka 13:00
Startavgift til og med 11 år: kr 50.- (dei som er under 12 år treng ikkje forsikring frå arrangøren)
Startavgift 12 år og eldre: kr 100.- inkludert løparforsikring
Påmelding i skihytta på Kleppa frå klokka 09:00 - 10:00 renndagen og på internett
Transport av utstyr (t.d. slalomutstyr) til Start ved levering på Kleppa før kl. 10:00. Pris kr 50.-
Premieutdeling i målområdet etter rennet.
Gåvepremiar trekt på startnummer.
Det vil ikkje bli spesielle reglar i Fjell-crossen. Men, alle løparane vert oppfordra til å stille med hjelm, ha ryggsekk, ha fangreimar, og elles halde seg til løypa.
Klassar:
- 9 år og yngre
- 10-11 år
- 12-13 år
- 14-15 år
- 16 år og eldre
Fjellrennet er for dei over 12 år, og som vil køyre portar i skavlar og laussnø med start på Kjeringafjellet. Klassar for fjelltelemarksving, fjelltelemark, alpint og snøbrett.

Rennet startar klokka 14:00
Startavgift 12 - 15 år og eldre: kr 100.- inkludert løparforsikring
Startavgift 16 år og eldre: kr 150.- inkludert forsikring
Påmelding i skihytta på Kleppa frå klokka 09:00 - 10:00 renndagen og på internett
Transport av utstyr (t.d. slalomutstyr) til målområdet ved levering på Kleppa før kl. 10:00. Pris kr 50.-
Premieutdeling i målområdet etter rennet.
Gåvepremiar trekt på startnummer.
Klassar:
- 12 - 13 år
- 14 - 15 år
- 16 - 18 år (junior)
- 19 - 39 år (senior)
- 40 år og eldre (veteran)
Reglar:
Manglande portpassering: 30 sekund i tillegg
Manglande reipelykkje: 1 minutt i tillegg (snøbrett treng ikkje ta reipelykkja)
I fjelltelemarksvingklassen vert det ikkje tillegg i tid ved manglande telemarkstil.
Ryggsekk: 5 kg
Skistropper eller skibrems
Hjelm


|